Eit mykje brukt argument i konflikten om arbeidstidsavtalen i skulen, er at meir av tida til lærarane må bindast til arbeidsplassen for at vi skal få ein betre samarbeidskultur. Dei siste dagane har både Kristin Clemet i VG 7. august og Dagens Næringsliv på leiarplass 8. august målbore dette synet i media. Argumentet byggjer på ei grov feilslutning.
I VG antydar Clemet at samarbeid er så godt som fråverande i norsk skule. DN følgjer opp med å påstå at «kommunene ønsker mer samarbeid blant lærerne, noe det selvsagt ikke blir så lett å få til dersom den enkelte lærer kun oppholder seg på skolen den tiden hun eller han har undervisning». Det er uheldig at ei av dei mest respekterte avisene i landet viser så liten innsikt i ei viktig og høgaktuell sak.
Har ikkje DN fått med seg at norske lærarar i lang tid har hatt ei arbeidstidsavtale som legg til rette for å tilbringe mykje tid på arbeidsplassen utanom undervisningstida? Og er ikkje Clemet, som tidlegare undervisningsminister, klar over at samarbeid i team har vore ei mykje brukt arbeidsform i norsk skule lengje, særleg i grunnskulen, men òg i vidaregåande?
Faktum er at ein norsk lærar i barneskulen kan få bunde meir enn 34 timar per veke til arbeidsplassen. Det utgjer meir enn 91 prosent av ei normal arbeidsveke. Ein lærar i vidaregående har opp mot 18 timar per veke bundne til arbeidsplassen utover undervisning. I tillegg viser undersøkingar at ni av ti lærarar vel å vere på skulen meir enn 37,5 timar per veke. Påstanden til DN om at lærarar berre oppheld seg på skulen i undervisningstida, er derfor direkte feil.
Læraryrket er samansett. Derfor har vi ei arbeidstidsavtale i dag som tek omsyn til dei ulike elementa i lærarjobben. Det same har dei fleste landa som vi liker å samanlikne oss med i skulesamanheng. Av desse landa, er Noreg blant dei som bind mest tid til arbeidsplassen. Når KS, Clemet, DN og andre hevdar at vi må ta frå læraren den siste resten av fleksibilitet om vi skal oppnå betre skuleresultat, er det ein påstand som fell på eigen urimelegheit.
Talis-undersøkinga viser at norske lærarar brukar meir tid på samarbeid enn kollegaer i dei fleste andre land. Sjølvsagt er det likevel rom for forbetring. Om vi skal skape betre samarbeid i norsk skule, kan vi ikkje begynne med svartmaling og feilinformasjon. Godt samarbeid krev tillit og ikkje kontroll. God samarbeidskultur i eit lærarkollegium er òg avhengig av at skuleleiarane får tid til å vere pedagogiske leiarar og ikkje blir dynga ned i kontroll og rapportering, slik undersøkingar viser at mange av dei blir i dag.
Ragnhild Lied, leiar i Utdanningsforbundet.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.