Mikroalgar til fôr gjer klimavenleg laks
Oppdrettslaks og husdyr kan snart få klimavennleg fôr: Norske testanlegg greier no å produsere berekraftig algeråstoff som kan erstatte importert soya.
Dei vesle mikroalgene finst overalt. Vi kan ikkje sjå dei med det blotte auget før algekulturane har vekse til ei grøn masse. Dette er det grøne gullet.
Funn som no vert lagt fram i forskingsrådsprosjektet «Algea To Future» (A2F) viser at dette biologiske råstoffet kan innehalde 60 prosent protein. Dette er meir enn dobbelt så mykje som i den importerte soyaen vi er så avhengig av i dag.
I løpet av fjorten dagar veks mikroalgane i vatn som flyt gjennom lukka rør. Prinsippa kjenner vi frå fotosyntesen. Mikroalgane er eincella små organismer som nyttar CO2 til byggesteinar og sollys til energi.
Når desse veks i eit lukka og kontrollert miljø, kan ein kvalitetssikre mot ytre påverking.
Den tjuktflytande, oljete biomassen vert deretter tørka til pulver. Så knuser ein celleveggene i sentrifuger for å få ut næringa. Då får ein tilgang til dyrebar protein, omega-3 fettsyrer, antioksidantar, lipidar og andre viktige næringsstoff for både dyr og menneske.
Alle dei store forskingsmiljøa i Noreg går no saman om å bygge eit nettverk av pilotskala produksjonsanlegg for mikroalgar. Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) opna sitt pilotanlegg på Ås i november. Kunnskapen frå produksjonsprosessen frå dette anlegget, denne fotobioreaktoren, vert no brukt til å utvikle fleire anlegg for dyrking av berekraftig råstoff fleire stader i landet.
- Den første fotobioreaktoren på eit norsk gardsbruk er klar i Folven i Stryn til hausten. Mjølkebonde Rolf Olav Gjørven og Dag Hjelle nyttar lokal kraftproduksjon til lys og energi. Som ein del av A2F-prosjektet vert dei den første private garden som satsar kapital i ei heilt ny næring. Dei etablerer eit naturleg krinsløp gjennom forbrenning av metangass frå mjølkeproduksjonen som igjen gir CO 2 til algene.
- I Bergen har Nofima allereie produsert fleire hundre kilo grønt fiskefôr, i tillegg til råstoff som no vert prøvd ut i brødbaking og ølbrygging i samarbeid med A2F.
- Ved Vital Seafood sitt anlegg i Stranda er dei i ferd med å setje opp ein fotobioreaktor som går inn i krinsløpet i råstoffproduksjon til laksefôr.
I dag importerer vi 400.000 tonn soya frå marknadar med høg risiko. Skal vi femdoble norsk lakseproduksjon og mette ni, ti milliardar menneske på jorda i 2050, må fôret innehalde mykje meir eigendyrka råstoff, og ikkje råstoff som vi haustar frå ein allereie pressa råvaremarknad.
Norsk algeråstoff vil spele ei sentral rolle i utfasing av palmeoljar og bidra til nedgang av importen av soya og raps. Oppdrettsnæringa har mest å tene, og mest å tape. Både omdømemessig og økonomisk opererer dei med altfor høg risiko.
Forskarane har no kunnskapen, viljen og teknologien til å oppskalere og industrialisere ein berekraftig, norsk algeproduksjon.
Algeforskarar som Kari Skjånes ved Nibio, Katerina Kousoulaki ved Nofima, Anne Kjersti Uhlen ved Nofima og Dorinde Kleinegris ved Norce, for å nemne nokre, har alle resultat som viser at vi står framfor eit skifte i norsk matproduksjon.
A2F-partner Kiron Viswanath frå Nord universitetet konkluderer i februarutgåva av «Annual Review of Animal Biosciences» med at mikroalgene vil vere den løysinga som i størst grad vil møte ein global mangel på protein med minst miljømessig fotavtrykk.