Nå fyller vi dei kvite flekkane på skattekartet
Norge taper minst 13 milliardar på grunn av overskuddsflytting årleg, mens norske skattebetalarar har stadig meir pengar i utlandet, viser våre nye tal. Med tal og oversikt skal skattetriksing bli vanskelegare.
Kunnskap er makt. Men korleis finn ein kunnskap om ting som er forsøkt skjult eller som det ikkje lagast statistikk på?
Da må styresmakter, forskarar og journalistar finne nye data eller bruke eksisterande data på nye måtar for å kunne fylle ut dei kvite flekkane på kartet. Men framleis er informasjonen ofte vanskeleg tilgjengeleg, er spreidd i diverse ulike artiklar og dekker ofte berre enkelte år eller enkelte land. Det vil vi gjere noko med.
Vi lanserer den nye nettsida «Atlas of the Offshore World». Den presenterer rykande fersk tal for alle land og over tid. Databasen har interaktive presentasjonar av tal på kor mykje pengar folk i ulike land har i utlandet, kor mykje eigedom dei har utanfor eige land, kor mykje kvart enkelt land taper på dei multinasjonale selskapas overskuddsflytting, og dessutan kva ein i ulike land faktisk betaler i skatt på inntekt og formue.